Pressemelding fra Holten etter helgens 2 dagers løp

 

Tar ferie på toppen
Steinar Stokke, Sigbjørn Hannisdal, Ingvar Auestad,  Andrè Hustoft Nesheim og Anders Hjelmås leiar Vestlandsmesterskapet etter vårsesongen. 

Steinar Stokke og Sigbjørn Hannisdal, begge NMK Bergen,  vann toliterklassen og klassen inntil 2400 kubikk under  runden i Vestlandsmesterskapet på Eikås Motorsenter i helga, og leiar også samanlagt.
For Sigbjørn Hannisdal er det likevel ikkje sikkert at han fullfører alle løpa i Vestlands-mesterskapet.
-Har ikkje tid til å leggje så mykje ressursar i å arbeide med bilen, men satsar på å køyre bakkeløpet på Vikedal Motorbane i august, så får me sjå etter det, seier han etter sigeren i Bergen, der han gjekk leiing frå start og ikkje var trua gjennom finalen. Hallvard Finnvik, NMK Vikedal, vart nummer to.
Steinar Stokke har tenkt å fullføre Vestlandsmesterskapet, og på Eikås var det stadig vanskeleg for dei andre førarane å halde følgje med han ut frå start.
– Ikkje noko sjølvsagt at eg skal greie det kvar gong, i dag traff eg på startane og det må til om eg skal greie å kome meg i leiing  i dette selskapet, seier han, som vann føre Rudi Andre Rossland, også han NMK Bergen.
Ingvar Auestad var einaste deltaker i klassen Free for all.
-Fekk melding av Lars Reidar Frøyland torsdag kveld om at han hadde øydelagt girkassen, sa han om årsaka til at han blei åleine i klassen.

I bilcross var det Olav Bakkedal Bjelland, NMK Vikedal og Anders Hjelmås som gjekk til topps på Eikås. Anders Hjelmås leiar òg samanlagt i seniorklassen, medan Olav Bakkedal Bjelland avanserte til ein tredje plass. Her er det Andre Hustoft Nesheim som leiar.

 

Resultat Eikås Motorsenter 29. – 30. juni

Rallycross inntil 2000 kubikk
1. Steinar Stokke, NMK Bergen
2. Rudi Andre Rossland, NMK Bergen
3. Kenneth Johansen, NMK Vikedal
4. Daniel Holten, NMK Vikedal

Rallycross inntil 2400 kubikk
1. Sigbjørn Hannisdal, NMK Bergen
2. Hallvard Finnvik, NMK Vikedal
3. Lars Ivar Øie, NMK Vikedal
4. Kåre Bilsbak, NMK Bergen

Rallycross over 2400 kubikk
1. Ingvar Auestad, NMK Vikedal

Bilcross junior
1. Olav Bakkedal Bjelland, NMK Vikedal
2. Robert-Andre Heimvik, NMK Bergen
3. Oliver Matre, NMK Vikedal
4. Anders Myking, NMK Bergen
5. Atle Ø. Veland, NMK Vikedal
6. Adrian H. Vaktskold, NMK Bergen

Bilcross senior
1.Anders Hjelmås, NMK Bergen
2. Ole Jørgen Hansen, NMK Bergen
3. Per Gaute Østbø, NMK Vikedal
4. Atle Teigland, NAF Bergen
5. Torbjørn Østerbø Veland, NMK Bergen
6. Hallvard Sandtorv, NMK Bergen

Samanlagt i Vestlandsmesterskapet 2013
(uoffisielt)

Rallycross inntil 2000 kubikk
1. Steinar Stokke, NMK Bergen, 47
2. Daniel Holten, NMK Vikedal, 33
2. Kenneth Johansen, NMK Vikedal, 33
4. Ståle Hagadokken, NMK Valdres, 22
5. Rudi Andre Rossland, NMK Bergen, 17
6. Michael Seilen, NMK Bergen, 17

Rallycross inntil 2400 kubikk
1. Sigbjørn Hannisdal, NMK Bergen, 39
2. Kåre Bilsbak, NMK Bergen, 29
3. Frode Leirhol, NMK Valdres, 26
4. Tor Ivar Netlandsnes, NMK Kvinesdal, 22
5. Glenn Olav Lothe, NMK Vikedal, 20
6. Hallvard Finnvik, NMK Vikedal, 17
6. Joakim Braathen, NMK Bergen, 17

Rallycross over 2400 kubikk
1. Ingvar Auestad, NMK Vikedal, 41
2. Lars Reidar Frøyland, NMK Vikedal, 26
3. Håvard Helland, NMK Vikedal, 22

Bilcross junior
1. Andre Hustoft Nesheim, NMK Vikedal, 37
2. Asbjørn Hustvedt Lærdal, NMK Vikedal, 36
3. Olav Bjelland, NMK Vikedal, 27
3. Robert Andre Heimvik, NMK Bergen, 27
5. Atle Østerbø Veland, NMK Bergen, 25
6. Steffen Hjelmås, NMK Vikedal, 24

Bilcross senior
1. Anders Hjelmås, NMK Bergen, 37
2. Torbjørn Østerbø Veland, NMK Bergen, 32
3. Per Gaute Østbø, NMK Vikedal, 27
4. Atle Teigland, NAF Motorsport Bergen, 26
5. Børge Støle, NMK Konsmo, 20
6. Ole Jørgen Hansen, NMK Bergen, 18

Mer info på:  www.vestlandsmesterskapet.no og www.nmkkvinesdal.no

 

Anders Hjelmås - Opel Astra

 Anders Hjelmås

Bilcross

Anders Hjelmås (t.v.) og Olav Bakkedal Bjelland vann bilcrossklassane i Bergen.

Olav Bjelland - Golf

Olav B Bjelland

Rallycross

 Rallycross
Sigbjørn Hannisdal ( t.v.), Ingvar Auestad og Steinar Stokke vann i Bergen og leiar Vestlandsmesterskaapet samanlagt i rallycross.

Sigbjørn Hannisdal-Volvo PV

 Sigbjørn Hannisdal

Steinar Stokke-Mazda RX7

 Steinar Stokke og Daniel Holten

Dette innlegget ble publisert i Bil, Nyheter. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.