Street Legal stevne på Eikås lørdag 21 og søndag 22.mai

Bergen Street Legal Team 
No nærmar helga seg og me gleder oss!Litt info:Teknisk og innsjekk kl 10-12.45.Førarmøte ca kl 13. Start ca kl 13.30. Det er ope for publikum!Det er framleis anledning til å melda seg på dersom ein vil køyra! Send Mail til innmelding@bslt.no, med navn, kva dag du vil køyra og kva klasse!

Kjøp av eingongslisens for deltakarane:
Dokke kan no kjøpa eingongslisens til løpa. Gå inn på www.bilsportlisens.no, trykk på KONKURRANSE, scroll deretter ned til STREET LEGAL. Trykk innpå og fyll ut skjema.
Velg arrangørklubb, der skal du velja Bergen street legal klubb, som er siste alternativet. Under vognlisens skriver du inn den klassen du skal køyra i. Du må løysa ut ein lisens per dag. Det vil sei at skal du køyra begge dagane må du løysa ut 2 lisenser, du kan ikkje fylla ut frå 21/5 til 22/5 på ein lisens, då det er to ulike løp.
Fyll ut dei resterande felta, følg instruksjonane vidare. Vi hjelper deg på løpsdagen dersom du har problem med lisensen.
Vel møtt i helgo! 🤩
Dette innlegget ble publisert i Bil, Nyheter. Bokmerk permalenken.