Rudi Rossland ladet og klar for siste runde i RC NM

 

Både Rudi og bilen er klar for siste runde og medaljestrid på Gardermoen.

 


Rudi Andres Rossland - Foto Rune Johannesen

Rudi Rossland og Steinar Stokke ligger tett i poengstriden om pallplass i sammendraget.

Begge er skjerpet og klar for Gardermoen denne helgen.

Karoline Breivik er nå endelig klar med sin egen bil. Motor er testkjørt og godkjent før hun drar igang med siste runde i RC Junior.

NMK Bergen ønsker dem lykke til med avslutningen av sesongen !!!

Pressemelding om Rudi Rossland under her :

 

 

Pressemelding frå  holtenmedia

For:  Rudi Andres Rossland
Før  NM-finalen i rallycross Gardermoen Motorpark 13.- 14, september
Meir info: www.nmkgardermoen.no

Tar med seg godfølelsen

Etter sigeren i den fjerde NM-runden i rallycross på Dokka ser Rudi Andres Rossland og teamet positivt på det som skal skje under NM-finalen på Gardermoen til helga. Med full klaff og eit nytt godt resultat kan det bli NM-medalje.

– Det var ei kjempeoppleving for meg og teamet å vinne NM-runden på Dokka.  Det var ei helg der alt klaffa, og det er klart at når du driv med rallycross gir det å gå heilt til topps veldig mykje tilbake, og humøret og stemninga no før NM-finalen er på topp i heile teamet, seier Rudi Andres Rossland, som likevel har ei nøktern haldning til det som skal skje på Gardermoen til helga, nemleg finalekøyringa i NM.
– Etter sigeren i sist runde ligg me på tredje plass i samandraget, og me har eit håp og ein draum om medalje. Det heile kan like godt ende med sølv eller bronse som ein plass langt ned på samanlagtlista. Det som likevel er positivt no er at me har vist at me kan hevde oss heilt i toppen og dette er veldig godt å ta med seg inn i finalen, seier han.

Førebuingane til finaleløpet er i full gong og bilen Rudi Andres køyrer, ein Mazda RX8,  har fått seg ein skikkeleg strekk dei siste dagane.
– Me har gått over alt på bilen og skifta ut det som me er usikre på, og gjort det me kan med det tekniske slik at dette skal fungere når me skal inn i kampen om ein NM-medalje. No er me snart klare til å setje kursen austover, og håpar på ei fin og spennande helg på Gardermoen.

Under løpet på Dokka var det mange som hadde tatt turen frå Osterøy for å heie på Rudi Andres og Steinar Stokke som begge kjem frå øya.
– Me set stor pris på dette og den støtta det gir. No ser det ut til at mange blir med også til Gardermoen for å heie oss fram, og det er sjølvsagt heilt topp.

NM-stillingen i rallycross før finalen

Supernasjonal inntil 2000 kubikk
1. Stein Svardal, NMK Konsmo, 152
2. Jonas Dalseth Jacobsen, NMK Hålogaland, 137
3. Rudi Andres Rossland, NMK Bergen, 131
4. Roy Vidar Skommedal, KAK, 127
5. Steinar Stokke, NMK Bergen, 119
6. Johannes Holten Leifsen, NMK Vikedal  117

For meir info kontakt Rudi Andres Rossland  970 57 024  eller  rudi@oksnesmaskin.no

 

Rudi Andres - Mazda RX8 - Foto Rune Johannesen (1)


 

 

 

 

 

 

 

Rudi Andres Rossland ( 34) er frå Osterøy og køyrer for NMK Bergen. Rudi Andres er forlova med Evelyn og har 2 born. Han begynte med rallycross i 2005, først i ein Opel Kadett, deretter ein Volvo 240, før han bytte ut med ein Peugeot 206 til sesongen 2007. Tok då også steget opp i NM-klassen Super nasjonal inntil 2000 kubikk. Tok ein pause frå rallycrossen i 2009 og deler av 2010 sesongen då han bygde ein ny  Citroen C4. Denne kjørte han deler av 2010 sesongen og full sesong i 2011 og blei nummer seks i NM. Beste sesongen var i fjor med stigande resultat gjennom sesongen, men eit brutt løp gjorte at det til slutt berre vart ein åttande plass. Rudi Andres har også eit Vestlandsmesterskap.  


I år leiger han ein Mazda rx8 og kjøre full NM og Vestlandsmesterskapet. Rudi Andres og teamet ser lyst på tilværelsen med ny bil og gleder seg til sesongen.

Terminlister: 

NM i rallycross 2014
3.-4. mai,  NMK Grenland
31. mai – 1. juni,  NMK Konsmo
2. – 3. august,  NAF Trøndelag
30. – 31. august, NMK Fluberg
13. – 14. september, NMK Gardermoen

Vestlandsmesterskapet i rallycross 2014
5 april, NMK Vikedal,    Vikedal Motorbane
26 april, NMK Bergen, Eikås Motorsente
21-22 juni, NMK Bergen, Eikås Motorsenter
24 august, NMK Vikedal, Vikedal Motorbane
6 september, NMK Bergen, Eikås Motorsenter
5 oktober, NMK Egersund, Gjermestad Motorbane

Vestlandsmesterskapet i bakkeløp 2014
6 april, NMK Vikedal, Vikedal Motorbane
26 august, NMK Vikedal, Vikedal Motorbane

 

 

Med helsing

holtenmedia

 

Sivert Ole Holten

Tlf. 905 47 433

sivert.ole@holtenmedia.no

www.holtenmedia.no

 

Dette innlegget ble publisert i Bil, Nyheter. Bokmerk permalenken.