Rudi Rossland kjemper videre de siste rundene i RC NM

Rudi Rossland i sin Mazda RX 8 gir ikke opp enda.


Rudi Andres-Mazda RX8-Foto Rune Johannesen

Pressemelding frå  holtenmedia

For:  Rudi Andres Rossland
Før fjerde NM-runde rallycross Dokka 30. – 31. august
Meir info: www.nmkfluberg.no

Kjempar vidare

Etter at det blei ein nedtur og stort poengtap på Melhus i kampen om medaljane i NM rallycrossen,  er Rudi Andres Rossland no klar igjen for dei to siste løpa i NM-serien. Først fjerde runde på Dokka til helga, før det er finale på Gardermoen 13. – 14. september.

– Eg likar meg på banen på Dokka som er teknisk og krevjande, og eg har hatt gode resultat der tidligare, så det er i alle fall eit godt utgangspunkt, seier Rudi Andres Rossland, som no er svært avhengig av gode resultat om han skal avansere frå sjetteplassen han ligg på etter den tredje runden på Melhus.
– Medaljehåpet forsvann etter alle problema på Melhus, så no blir det å køyre for to gode resultat i dei to siste rundane, og prøve å klatre lengst mulig opp på samanlagtlista til slutt.

På bilen er for det meste klart igjen etter skadane på Melhus,
– Me har jobbe ein del med bakhjulsopphenget, der det i ettertid viste seg at me hadde truffe ein stein i banen, slått av ein del stag og skada mellomakslingen, sluttar Rudi Andres, som i dag skal ha ein sjekk og service på bilen før dei er klare for turen over til Dokka.

NM-stillingen i rallycross etter 3. runde

Supernasjonal inntil 2000 kubikk
1. Stein Svardal, NMK Konsmo, 109
2. Roy Vidar Skommedal, KAK, 100
3. Jonas Dalseth Jacobsen, NMK Hålogaland, 98
4. Steinar Stokke, NMK Bergen, 92
5. Kenneth Johansen, NMK Vikedal, 90
6. Rudi Andres Rossland, NMK Bergen, 86

 

For meir info kontakt Rudi Andres Rossland  970 57 024  eller  rudi@oksnesmaskin.no

Rudi Andres Rossland2 - Foto holtenmedia

NMK Bergen ønsker lykke til !!!

Dette innlegget ble publisert i Bil, Nyheter. Bokmerk permalenken.