RC NM på Melhus ga både oppturer og nedtur for NMK Bergen førerne

 

3. runden i NM Rallycross ble en stor helg for Steinar Stokke med seier.

 

10531420_702166623189866_6880202424450805082_o

Steinar Stokke vant 3. runden i NM på Melhus og avanserte med det et godt stykke opp på listen i sammendraget.

Karoline Breivik hadde også en god helg. Hun kjørte seg til en B finale, som hun avanserte videre til A finale.

Der endte hun på en flott 5.plass.

10580085_814743041882900_1110676243593541604_n

Rudi Rossland hadde en god start innledende. Men i B finalen ble det stopp med skader på bilen.

Rudi Andres-Mazda RX8 - Foto Rune Johannesen

NMK Bergen gratulerer !!!

Pressemelding og poeng stilling  under her :

Pressemelding frå  holtenmedia

For:  Rudi Andres Rossland
Etter tredje NM-runde rallycross Melhus  8. – 9. august
Meir info: www.nmkmelhus.no

Ny nedtur for Rudi Andres Rossland

Etter at han var inne blant dei tre beste i dei to første omgangane starta  problema for Rundi Andres Rossland i tredje omgang, då opphenget braut saman.

– Det starta så bra men etter løpet er det berre eit svært skuffa team og skuffa sjåfør som  reiser heim til Osterøy, for dette blei ikkje slik me hadde håpa på før løpet og slik det såg ut fram til tredje omgang, seier Rudi Andre Rossland om det som skjedde på Melhus.
På tidskjøringa kjørte han gode tider og i første omgang blei det ei andre tid, i andre omgang ei tredje tid.
– Gjorde eit par småfeil i første omgang, men var likevel berre tre hundredelar frå bestetida, så det var bra. I andre omgang kom eg ut som nummer to i mitt heat,  tok alternativsporet i første runde, som nok var ein tabbe, for eg blei liggjande i kø. Llikevel fekk eg tredjetida i omgangen. Då me så kunne  konstatere at eg leia klassen min etter to omgangar, såg dette svært lyst ut, fortel Rudi Andres Rossland.
Så starta problema.
– I tredje omgang låg eg greitt an, var ferdig med alternativsporet og skulle berre sikre plassen i A-finalen, men i nest siste runde var det stopp. Eg veit ikkje heilt kva som skjedde, men mest sannsynleg har eg køyrt ned i eit hol i banen for eit stag i opphenget knakk og fleire vart bøygde og eg måtte bryte, seier han, og innrømmer at då dette skjedde gav han opp å kome vidare i stemnet.

-Etter ein del diskusjonar i teamet fann me ut at me kunne få bilen klar igjen til finalane, og eg kunne køyre frem til køyring i B-finalen. Her drar eg starten, men når eg girer til andre gir, går det eit kryss i mellomakslingen og eg må bryte igjen.
Dermed fekk det som starta så bra ei veldig skuffande avslutning.
– Me gjorde som me hadde planlagt, køyre fornuftig og samle mest mulig poeng, og det greidde me heilt til problema starta i tredje omgang. Dette var berre trist og både eg og teamet mitt er leie av uturar no.

Etter at tre av fem NM-rundar i rallycross er køyrde ligg Rudi Andres Rossland på sjette plass, med 12 poeng opp til den siste pallplassen.

 

 

NM-stillingen i rallycross etter 3. runde (uoffisiell) 

Supernasjonal inntil 2000 kubikk
1. Stein Svardal, NMK Konsmo, 109
2. Roy Vidar Skommedal, KAK, 100
3. Steinar Stokke, NMK Bergen, 98
4. Jonas Dalseth Jacobsen, NMK Hålogaland, 98
5. Kenneth Johansen, NMK Vikedal, 93
6. Rudi Andres Rossland, NMK Bergen, 86

 

 

For meir info kontakt Rudi Andres Rossland  970 57 024  eller  rudi@oksnesmaskin.no


Rudi Andres Rossland
 ( 34) er frå Osterøy og køyrer for NMK Bergen. Rudi Andres er forlova med Evelyn og har 2 born. Han begynte med rallycross i 2005, først i ein Opel Kadett, deretter ein Volvo 240, før han bytte ut med ein Peugeot 206 til sesongen 2007. Tok då også steget opp i NM-klassen Super nasjonal inntil 2000 kubikk. Tok ein pause frå rallycrossen i 2009 og deler av 2010 sesongen då han bygde ein ny  Citroen C4. Denne kjørte han deler av 2010 sesongen og full sesong i 2011 og blei nummer seks i NM. Beste sesongen var i fjor med stigande resultat gjennom sesongen, men eit brutt løp gjorte at det til slutt berre vart ein åttande plass. Rudi Andres har også eit Vestlandsmesterskap.  


I år leiger han ein Mazda rx8 og kjøre full NM og Vestlandsmesterskapet. Rudi Andres og teamet ser lyst på tilværelsen med ny bil og gleder seg til sesongen.

Terminlister: 

NM i rallycross 2014
3.-4. mai,  NMK Grenland
31. mai – 1. juni,  NMK Konsmo
2. – 3. august,  NAF Trøndelag
30. – 31. august, NMK Fluberg
13. – 14. september, NMK Gardermoen

Vestlandsmesterskapet i rallycross 2014
5 april, NMK Vikedal,    Vikedal Motorbane
26 april, NMK Bergen, Eikås Motorsenter
21-22 juni, NMK Bergen, Eikås Motorsenter
24 august, NMK Vikedal, Vikedal Motorbane
6 september, NMK Bergen, Eikås Motorsenter
5 oktober, NMK Egersund, Gjermestad Motorbane

Vestlandsmesterskapet i bakkeløp 2014
6 april, NMK Vikedal, Vikedal Motorbane
26 august, NMK Vikedal, Vikedal Motorbne
21 september, NMK Sandnes & Jæren, Orstad Industriområde, Klepp

 

 

Med helsing

holtenmedia

 

Sivert Ole Holten

Tlf. 905 47 433

sivert.ole@holtenmedia.no

www.holtenmedia.no

 

Dette innlegget ble publisert i Bil, Nyheter. Bokmerk permalenken.